Finn-Erix Basarkonsert

Arrangementsinformasjon

Etter å ha toppa hitlister og fylt Grieghallen og rockefestivalar med årer og premiar, er Finn-Erix klare for å gje deg nok ein dose topp førjulsunderhaldning. Denne gongen fyller vi gamle-kinoen Forum med det arkitekt Landmark drøymde om frå dag 1: Raud velur, rytmeegg og populærmusikk

Det velkledde populærorkesteret Finn-Erix har i over 15 år begeistra og underholdt publikum gjennom tv og radio, festivaler og teaterscener. Frå Madam Felle, via juleturne med Sissel, til stadionbasar i Nordfjord. På sitt unikt musikalske vis gir dei nytt liv til kjente songar, i tillegg til å presentere eigne hits. Åresal, trekning og fruktkorg treng knappast nemnast. No kjem dei endelig til Forum.

Odd-Erik Lothe - Stoveorgel
Halvor Folgerø - fagott
Finn Tokvam - refrengsong og rytmeegg

Band- Ståle Søndrål Wick, Sigbjørn Apeland, Jan Erik Reknes og Tarjei Strøm


https://www.facebook.com/finnerix/


Desember 2018 - Finn-Erix fyller Grieghallen og arrangerer verdens største basar

Juli 2019 - Finn-Erix slår sin eigen rekord og arrangerer samtidig verdens første stadionbasar framfor 7.000 publikummarar på Malakoff.

Samtidig toppar dei hitlistene med singelen Lars Gaular.

Desember 2019 - Finn-Erix inviterer igjen til julebasar! Med dei finaste gjestene, dei beste basarpremiane og dei flottaste songane i dei mest julete versjonane. 


I fjor var det Grieghallen, men det kosta meir enn det smaka, for å seie det slik. Det blei jevvla dyrt. (leiga var på kring 200.000 for dei som er interesserte. I alle høve..) I år inntek Finn-Erix difor Forum. Der har dei fått ein god pris (dei treng også gode artistar, slik at folk ikkje kun forbind bygget med mørkemenn og profittjesusar).

No er sjølvsagt ikkje Forum verdas navle. Det er berre å beklage at folk må ta seg ut til Danmarksplass for å oppleve basaren, men det går bybane dit. Og Forum er eit hus som kler populærorkesteret. For viss det er nokon som kan gå i eitt med Ole Landmark sitt stilreine design, så er det Finn-Erix! 

Endelig skal ikonbygget Forum framstå slik den eigentleg var tenkt frå arkitekten si side: med raud velour og rytmeegg. Kven som får overskotet av årets basar er enno ikkje bestemt. Det er heldigvis enno mange som slit, så det er plenty med gode kanditatar.


Dørene åpner kl. 19:00, showstart kl. 19:30

Nummererte seter. 


Vel møtt!


finn-erix
basarkonsert
odderiklothe
halvorfolgerø
finntokvam
stålesøndrålwick
sigbjørnapeland
janerikreknes
tarjeistrøm
lindabørnes